Lysløyperenn i Lia – Stafett

6. mar 2018
18:30 - 20:30
Laster kart ....

Dei yngste til og med 1. klassingar

Dei yngste går den vanlege 0,5 km løypa og det er intervallstart. Start og mål som vanleg. Fri stil.

Frå og med 2. klassingar og vaksne

Denne gongen er det stafett for alle frå og med 2. klassingar.

  • Alle etappar er fristil.
  • NB! Vi har ingen vanlege trimklasser denne gongen.
  • Ein melder seg på online enkeltvis på vanleg måte. Skigruppa set saman stafettlaga.
  • Dei som ynskjer å stille familielag må dei melde seg på online på vanleg måte, og i tillegg sende ein mail til peder@sperstad.net.
  • Alle stafettlag får gå to gonger: innleiande runde og finalerunder.

Stafetten har 3 etappar:

1. etappe – 1km

Frå den vanlege starten og gjennom 1km-runda, men forbi mål og skihytta opp til veksling ved start.

2. etappe – 0.5km

Den vanlege 0.5km-runda, men forbi mål og skihytta opp til veksling ved starten.

3. etappe – 1km

Den vanlege 1km-runda frå veksling til mål.

Klikk her for påmelding