Lysløyperenn i Lia – Fristil valgfri skicross

20. feb 2018
18:30 - 20:30
Laster kart ....

Dei yngste til og med 1. klasse

Dei yngste går den vanlege 0,5 km løypa og det er intervallstart. Start og mål som vanleg. Det blir nokre ekstar kuler i løypa denne gongen.

Frå og med 2. klasse og vaksne

Denne gongen er det valfritt skicross eller  standardistanser med intervallstart. Dei som melder seg på aldersklasser går skicross og dei som melder seg på trimklasser går vanlege distanser med intervallstart. NB! Alle frå og med 2. klasse må difor vere merksame at dei får valg mellom G/J-aldersklasse og trimklasser når dei skal melde seg på online!

Intervallstart

Dersom du vil gå vanleg løp med vanleg distanse og 30 sekund intervallstart, må du melde deg på i trimklasse m/tid eller trimklasse u/tid i stadan for dei vanlege aldersklassene. Trimklassa open for alle heilt ned til 2.klassingane.

Skicross

Dersom du vil gå skicrossløp heilt tilsvarande rennet vi hadde 6. februar, må du melde deg på riktig aldersklasse mellom G/J8 og G/J 31-99. Vi har laga ei morosam skicrossløype med same start og mål som vanleg, men med kular og reiplykkje. Trasèen følgjer 0,5km løypa pluss den øvre delen av 8-dalet. Deltakarane går eitt heat, to heat eller tre heat avhengig av kor gamle dei er.

G/J 8,9,10 (1km): Dei som vanlegvis går 1km skal gå «skicrossløypa» ein gong. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.

G/J 11,12 (2km): Dei som vanlegvis går 2km skal gå «skicrossløypa» to gonger (heat). Det blir pause mellom dei to heata. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i små heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.

G/J 13+ (3km +) og Trim med tid:  Dei som vanlegvis går 3km og lenger (inklusiv trim m/tid)  skal gå «skicrossløypa tre gonger (heat). Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. For desse blir det to innleiande heat og finaleheat.