Jubileumsrenn i Presthaugen

21. jan 2018
13:00 - 14:30
Laster kart ....

SKIGRUPPA FEIRER 50 ÅR MED LYSLØYPERENN I LOM IL

Søndag 21.01.2018 kl 13.00 arrangerer Lom IL skigruppa skirenn i Presthaugen – 50 år etter at ”langrennsgruppen i Lom IL” arrangerte det fyrste lysløyperennet i Presthaugen i 1968.
Alle er velkomne til å delta – gamal som ung! Vi ynskjer spesielt å invitere alle dykk som har vore med i skiaktiviteten i Lom i løpet av desse 50 åra: Både løparar, funksjonærar og styremedlemmer er velkomne til Presthaugen enten på startstreken eller som publikum. Still gjerne opp i utstyr frå den tida de var aktive!

Praktisk infromasjon
Gratis påmelding på nett eller i Presthaugen ved scena før kl 12:15. Klikk her for online påmelding.
Startnummerutdeling ved grillplassen ovanfor scena kl 12:30.
Start og mål ved grillplassen. Fyrste start går presis kl 13:00. ‘
Servering av kaffe, buljong og saft. Grilling av pølser. Samme priser som i Lia.
Det blir same klasseinndeling som elles, men distansane blir slik:

  • Barnehageborn og skuleborn til og med 2. klasse går ei 500m runde
  • 3. og 4. klassingar går heile Presthaugenrunda på 1km.
  • 5. og 6. klassingar går 2 x 1km.
  • 7. klassingar og eldre skuleborn går 3 x 1 km.
  • Junior og senior begge kjønn går alle 3 x 1km.

Ved online påmelding må du oppgje fødselsdato, og du blir automatisk tildelt rett klasse.

Frå Mexico til Måsåmyra
I 1968 satte Bob Beamon verdensrekord i lengde med historiske 8.90 under sommar-OL i Mexico. Norge tok 2 gull. Grenoble arrangerte vinter-OL med Ole Ellefsæter og mange gode norske skiløparar, fleire gull både på dame- og herresida. Heidal vann NM-stafetten i langrenn. Fyrste EM i fotball i historia vart arrangert i Italia, med Italia som vinnar etter omkamp.
OG FYRSTE LYLØYPERENNET I LOM IL VART ARRANGERT I PRESTHAUGEN.

Vi i Lom IL skigruppa ynskjer å markere dei 50 åra som har gått, og nytte den fine vinteren til å arrangere eit skirenn i den same trasèen i Presthaugen. Sidan idrettslaget starta med lysløype i Presthaugen, har mange dyktige ledarar og løparar gjort ein stor innsats for Lom IL. Vi ynskjer å invitere alle desse spesielt til dette rennet. Det er mange som har lagt ned mange timar for at skiidretten skulle få grobunn og utvikling i Lom IL. Mange har også vore utøvarar med ski på beina. Vi oppmoder flest mogleg til å stille i utstyr frå den tida dei var aktive på ski. Vi håper på stor oppslutning med mange gode historier frå 1968 til slik vi driv i skigruppa i Måsåmyra i 2018. Vi gler oss til å møte både gamle og nye representantar for Lom IL i Presthaugen søndag 21 januar.