Føremelding 16.2

Føremelding 16.2

Etter ruskevèret dei siste dagane er alle løypene køyrd opp til helga. Slik ser det ut oppi Åslikvolven nå. Vi ynskjer alle god helg og god...

Føremelding 2.2

Alle løyper er køyrt på formiddagen i dag, fredag. Ikkje stort anna å si enn at det er perfekte forhold for ein skitur i helga!

Føremelding 26.1

Åslirunda, Kvammen og Kvolven er køyrt med trakkemaskin. Det har ikkje vore varmegrader under uvêret dei siste dagane, og det har kome bra med nysnø. Vi kan melde om fantastiske forhold! God tur!

Føremelding 23.1

Alle rundene i lysløypa blir køyrt opp nå i ettermiddag. Det er usikkert om Åslia/Kvammen blir køyrt opp før ruskevêret som er spådd torsdag.

Oppdatert føremelding16.1

Kvammen, Åslirunda og Kvolven er køyrt med trakkemaskin i kveld. Lysløypa vart køyrt opp tidlegare i kveld. Løysløypa blir køyrt opp på nytt i morgon ettermiddag. God tur og nyt det flotte føret om dagen!