<< jan 2018 >>
mtotfls
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31 1 2 3 4

                   Hovudsponsor

Avslutningshelg på Gålå

I helga har det vore avslutning for GD cup og Gålå cup, samt KM stafettar på Gålå. Fleire Lomsløparar var i aksjon og sette eit flott punktum for skisesongen 2018. På bildet ser vi Lom sitt lag i G11-12 med Ola Fjeld, Ivar Sperstad og Lars Mallaug, som kom i mål til...

les mer

Sesongavslutning for Grannekarusellen på Mån 21.3

Oppdatert info 21.3:
Peder og Kari køyrer og har plass til alle. Frammøte 16:30 ved Best. Rennstart kl 18.
Desse er påmeldt:
• Ivar Sperstad G11
• Lars Mallaug G11
• Ola Fjeld G12
• Ola Vole G13
• Eirik Fjeld G14
• Andrea Sperstad J14
Rennet går i fristil.

Onsdag 21.3 blir det sesongavslutning for Grannekarusellen på Mån med skicross-renn og premieutdeling! Dei som vil vere med, må gje beskjed til Peder seinast tysdag kl 18. Det blir dessverre ikkje minibuss denne gongen, men vi kan eventuelt møtast rundt kl 16:30 ved Best for samkøyring. Rennet startar kl 18.

Reglane for premiering er slik at alle som har delteke på 2 eller 3 renn får liten premie, og alle som har delteke på minst 4 renn får stor premie (skicross-rennet tel ikkje her).

Dessutan blir det trekt ut to gåvekort à 1000 kr blant alle som har delteke på minst 3 renn (inkludert skicross)!

les mer

Ungdomstrimmen – utvida frist!

I vinter har vi hatt ei eiga bok i Gapahuken der ungdomar på ungdomsskulen og vidaregåande kan skrive namnet sitt og vere med på trekking av eit lettvekts primus-/koke-sett.
Med det flotte vêret og føret vi har om dagen utvidar vi fristen. Siste frist blir tysdag 20. mars. Sist vi sjekka var det ikkje veldig mange som kvalifiserte til premie, så her er sjansen stor for å vinne!

les mer

Bidrag til løypekøyring

Det har vore ein fantastisk snøvinter, og vi har no køyrt løyper i Lia i 4 månader. Vi håper løypene har vore til glede for flest mogleg. Løypekøyringa er dugnadsarbeid, men vi har ein god del utgifter til trakkemaskin, scooter, drivstoff med meir. Vi håper å halde...

les mer